Jeg har mast og mast om at Frode Grytten skriver vakrest i verden. Og nå vil jeg bare oppfordre dere til å følge han på Twitter for å få en liten bit av magien hans hver dag.

“Far (51) får mms-bilde av sommarlys dotter, ein gong skapt i grenselaus
lykke, no så vakker at han nesten tvilar på at ho kan vere hans.”

“Etter tolv år, tre månadar og fem dagar reiser du deg, er klar, tar av
oksygenmaska, riv slangane frå brystet. Alt du vil er å stå loddrett.”

“Mann (72) vaknar av røyster i huset. Han blir glad, før han hugsar at dei
kjem frå tv-en. Etter at kona gikk bort, har han ikkje slått av.

“Så ung du er, tenker ho (56) og stirer på eit foto av seg sjølv ho finn i
kjellaren. Seinare ser ho i spegelen, ser dagane ho bærer med seg.”

“Søndagar kjører pensjonist (77) ut den gamle Volvoen, vaskar han, tar
seg ein røyk og lyttar på radio. Så kjører han inn igjen i garasjen.”

“For så høgt elskar mann (33) seg sjølv, sitt ansikt, sin kropp, si røyst,
sine idear, at han trur han har rett til å hate resten av verda.”

“Mann (62) har lagd ein mekanisme slik at han kan henge etter beina med
hovudet ned mens han ser nyheitene. For ei merkelig verd, tenker han.”

“Dei er 16 og deler Ipod. Dei går gjennom byen med miks-songar-funksjon
og kvar sin øyrepropp. Så kjem ”Vondt i hjertet”. Det første kysset.”

“Han drikk opp kaffien, kjører heim frå minnestunda. Enkemann (42)
røyker utan å ta av frakken. Så går han under i duftane frå konas kjolar.”

“Fastlegen ringer for å seie at han kjem til å ta livet av seg: – Eg orkar ikkje
meir. Mann (55) stirer ut på nysnøen. Kva skal han svare?”

Jeg som trodde at Twitter handlet om morsomheter og statusoppdateringer. Men nei, jeg tror ikke Grytten noen gang gjør noe halvveis, for det er virkelig det fineste.

I’ve been telling you how Frode Grytten is the best author I know, and this time I’ll be telling you all to follow him on Twitter, even his tweets are beautiful.